578 65 860



Leiv Austrheim AS 

Om oss

Vårt firma set K-HMS øvst på dagsorden, og vi samarbeider med aktørar som har tilsvarande fokus. Vi forventar og prioriterer samarbeidspartar, leverandører og øvrige forretningsforbindelser som tek ansvar for ytre miljø, etterlever Arbeidsmiljøloven, og for øvrig rettar seg etter norske lover og forskrifter i si drift. Vår samarbeidspart for miljø og gjenvinning er Franzefoss og Retura Nomil.

Leiv Austrheim AS driv si verksemd i risikoutsette omgjevnader, og har som mål å drive ei sikker og miljøvenleg verksemd med null skader på personell, utstyr og ytre miljø. Her under oppfyller vi krav frå Statens Vegvesen, Fylkesmannen,Håndverkerloven og Arbeidstilsynet. www.circleK.no 

HMS-Datablad kan hentast ut frå:
www.Meca.no
www.Fuchs.no
www.circleK.no

OM OSS

Forhistoria til Leiv Austrheim AS går langt tilbake. Sandane Auto vart skipa i 1931 av Leiv Austrheim , Alfred Holvik og Olav K Henden, med køyreløyve for lastebil. Dette selskapet vart oppløyst i 1942, og Leiv Austrheim overtok den eine bilen, og selskapet sine fordringar. I 1948 vart Leiv Austrheim AS etablert, med reparasjon av motorar, generatorar, mekanisk arbeid og serieproduksjon av ugrashakker. I tillegg til dette vart det utført transport-oppdrag med lastebil og personbil, som på denne tid krevde løyve. Det er soleis eit av dei eldste sjølvstendige bilverksteda i Sogn og Fjordane som er oppegåande i si opprinnelige form og i samme eige.

I 1948 vart det skrive kontrakt med Norsk Brændselolje om levering av bensin og olje. Leveranser ut i distriktet starta 1964, med MIL, BP, Norol og til slutt Statoil. Drosjetransport var også ein viktig del av bedrifta. (1958 – 1988).

Sidan 1972 har bedrifta vore drive som eit tidstypisk bilverkstad med tilhøyrande bensinstasjon, men frå 2014 vart den tradisjonelle Statoil Sandane endra til 123 –Automat. I dag er drifta i hovudsak basert på tre områder; Bilverkstad, Bilsalg, Drivstoff-transport. Bedrifta utgjer ca. 9 Årsverk, og omset for omtrent 30 Mill.kr.

Vi utfører periodisk køyretøy-kontroll, service og vedlikehald på alle lette køyretøy i våre nyoppussa verkstadlokaler. Gjennom Verkstadkjeden MECA tilbyr vi bilrekvisita, slitedeler verkstad-materiell. Treng du ein ny bil, hjelper vi deg gjerne med det. Vi tilbyr og skaffar nyare bruktbilar i alle kategoriar, og har du bruk for hjelp med å avhende deg med ein bil , så kan du kontakte oss. I drivstoff- markedet profilerer selskapet seg som A-Tank. Med tankbil leverer vi drivstoff til Landbruk, Entreprenørar og Industri og Transportnæringa. I tillegg distribuerar vi til eigne anlegg. Vi dekker heile fylket om nødvendig, og har ei stor kundeportefølje i alle nærings-grupper. I Oktober 2018 rundar vi 70 Års drift i bransjen,- utan avbrot. Det er vi stolte av.